Brei motstand mot universitetsplanane
Stortingspolitikarane støttar Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin kritikk av høgskuleleiinga.
– Ein kjem ikkje nødvendigvis til himmelen som eit svakt universitet kontra ein sterk høgskule, seier Henning Warloe (H) i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget (KUF).
Studentparlamentet fryktar at den auka satsinga på doktorgradsprogram, som er eit krav for å få universitetsstatus, vil gå ut over bachelorutdanningane, då dei økonomiske vilkåra ikkje nødvendigvis vil verta endra.
Leiar i KUF, Marianne Aasen (Ap) deler Studentparlamentet si uro, og åtvarar høgskular med universitetsambisjonar mot å tru at finansieringa vil verta tilsvarande som den dei gamle universiteta mottek.
– Dei vil ikkje få endra finansiering lik den UiO og UiB får, og det må høgskulane vera klare over, seier ho.
Studentparlamentet er og uroa for at ein går for fort fram etter samanslåinga av dei tidlegare høgskulane i Oslo og Akershus. Dei har berre fungert som éin institusjon sidan august i fjor.
Dette kan HiOA-rektor Kari Toverud Jensen til ein viss grad vera med på.
– Å verta universitet var eit av måla med samanslåinga og me jobbar med tilpassing. 2014 er førebels målet, men det kan endra seg, seier ho.
Også politikarane meiner det er viktig ikkje å forhasta seg. KUF vitja i førre veke universiteta i Stavanger og Agder, begge nye tilskot til den norske universitetsstammen.
Inntrykket dei fekk var av overgangen var ikkje udelt positivt.
– Ein bør sjå til Stavanger, Bodø og Agder, der dei no meiner dei får for få stipendiatstillingar og klagar på for dårleg finansiering, seier Aasen.
Warloe oppmodar og til å bruka tid.
– Ein kan ikkje gjera alt samstundes, og i Stavanger har dei no måtta gå attende til å fokusera på bachelorutdanninga, som vart skadelidande. Desse problema vil òg HiOA oppleva, seier han.
Vil heva kvaliteten
HiOA-rektor Kari Toverud Jensen på si side meiner auka satsing på forsking vil vera ein føremon for studentane.
– Vårt syn er at universitetsstatus ikkje er målet i seg sjølv, kvalitet i utdanninga er viktigare, seier ho.
Ho vil sikra høgare kvalitet gjennom lengre utdanningsløp og meir forskingsbasert undervising.
– Det å vera universitet opnar dører for internasjonalt samarbeid innan både utdanning og forsking. I tillegg får ein autonomi til sjølv å ta avgjerder om etablering og nedleggjing av utdanningar, held ho fram.
Ho er klar over at finansieringa vert ulik den dei gamle universiteta får, men meiner dette er lite relevant i statusdebatten.
– Det finansielle vil uansett verta ei utfordring, for desse endringane ville koma same kva status me har. Me skal bli betre på det me er gode på i dag, og på nye og andre område.
Ulike roller
Bente Thorsen (FrP), som òg sit i KUF, stiller seg svært kritisk til Toverud Jensen sin argumentasjon. Ho seier at undervisinga skal vera forskingsbasert ved både universitet og høgskular, og stiller spørsmål ved om dette fungerer slik det skal når høgskulen ynskjer universitetsstatus av den grunn.
– Me i FrP meiner me har mange nok universitet, det er viktigare å spissa kompetansen inn mot nokre fag på dei me har. Høgskulane bør heller samarbeid med universiteta, og så kan alle bli gode på kvar sine felt. Elles kan me ikkje verta mellom dei beste internasjonalt, slik Framstegspartiet har som målsetjing, seier Thorsen.
Ho meiner høgskular og universitet fyller ulike roller, og at begge institusjonstypane er naudsynte.
– Høgskulesektoren har ein tettare dialog med behova til samfunnet, og er av stor tyding for både offentleg og privat sektor. I realiteten er det meir behov for typiske høgskuleutdanningar som ingeniør, lærar og sjukepleiar, held ho fram.
Statusjag
Thorsen fryktar ynskjet om å verta universitet er eit reint statusprosjekt.
– Me treng både universitet og høgskular, og det er ingen grunn til å ha kompleks, seier ho.
Warloe er òg uroleg for kva som vil henda med statusforholdet universiteta i mellom om det vert for mange av dei.
– Ein konsekvens vil heilt sikkert vera at me får a- og b-universitet, seier Warloe.
Warloe meiner det finst ei grense for kor mange universitet Noreg treng, og synest det er tid for å vurdera kvar ein skal setja ned foten.
– Høgre har fleire gonger utfordra statsråden på dette spørsmålet, men utan å lukkast, seier han.
Kunnskapsdepartementet (KD) på si side ynskjer ikkje å kommentera einskildsaker.
– Det er opp til institusjonane om dei vil søkja om universitetsstatus, og om dei oppfyller krava skal det tungtvegande grunnar til for å avslå. Men det å verta universitet må ikkje gå på bekostning av å vera ein god høgskule, seier statssekretær Kyrre Lekve.
Siste saker i nyhet
- – Daglige spionangrep mot norsk akademia
- Slakter SiOs personalpolitikk
- Milliardsprekk for veterinærflytting
- Kjøper forskning for 200 millioner
- Innvandrerne inntar universitetene
- Styrer 1 000 000 000 student-kroner
- UiO-studenter blant landets tregeste
- Dette går Hafslund-millionene til
- Forfaller
- Ingen dans på roser
- NSO er ikke lik Oslo
- Vil ikke stemples som gutteklubb
Siste framsidesaker
- Med ei barselgrad i magen
- – Daglige spionangrep mot norsk akademia
- Slakter SiOs personalpolitikk
- Et skoleeksempel
- Milliardsprekk for veterinærflytting
- Vil ikke skifte takt
- Rotte til skafottet
- Kjøper forskning for 200 millioner
- Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt
- LAN-tineparty
- 10 ting du ikke bør si på jobbintervju
- Her ville ikke SiO bruke Hafslund-millionene